Alice i Eventyrland 18.00

Kva gjer du når verda rundt deg går for fort – og du ikkje heilt veit kven du er lenger? Ein kvit kanin spring forbi, og brått er Alice på reise gjennom ei verd der reglane er snudd på hovudet, og alt ho trudde ho visste blir utfordra. Alice i Eventyrland er ei nyskriven, fargerik og musikalsk tolking av den klassiske historia – der teater, dans og song møtest i eit leikent og tankevekkjande univers skapt av kulturskulen sine unge kunstnarar. Medverkande: Teater-, danse- og songelevar ved Ål kulturskule. Nesten 200 elevar på scena! Regi og manus: Ida-Kristin Tovstaul Koreografi: Marte Medgard Skår Songpedagog: Marit Sehl Produsent: Iris Almås Tangeraas Arrangør: Ål kulturskule Foto: Terje Skår