Sjå folka som held Bergensbanen open – vinter etter vinter

ALLTID PÅ VAKT. ALLTID KLARE. Dette er historia om dei som held Bergensbanen open gjennom ei av dei mest vêrharde vinterstrekningane i Europa. (Denne versjonen erstattar ei tidlegare video med justert lyd.) Bergensbanen er ei av dei vakraste jernbanestrekningane vi har – og samstundes ei av dei mest krevjande å drifte om vinteren. På Ål, Myrdal og Voss står mannskap i døgnkontinuerleg beredskap for at passasjerar og godstog skal kome seg trygt fram. Tryggleik kjem alltid først. Oppe på Hardangervidda møter dei alt fjellet kastar mot oss: ekstremvind, bitande kulde, snøstormar og rasfare. Likevel held dei lina open – kvar einaste dag, gjennom heile vinteren. På Finse, 1 222 meter over havet, passerer opptil 50 tog i døgnet – midt i noko av det råaste vinterfjellet i Europa. For mange startar vinteren alt i november. Då flyttar dei opp i fjellet og går i turnus heilt til mai. Med solid fagkunnskap, handverk, fellesskap og eit sterkt ansvar held dei strekninga i gang. Utan dei hadde vi aldri klart å halde denne jernbanelina open. Mannskapa rykkjer ut i all slags vêr, hjelper passasjerar og godstog når noko skjer, og samarbeider tett med naudetatane når ulukker eller ras krev rask innsats – både på og utanfor sporet. Målet er enkelt: Alle skal kome trygt fram frå fjellet. Interessa frå internasjonale TV-kanalar er stor. Dette er ei av våre eigne historier – fortald av folk som kjenner fjellet, vinteren og oppdraget. Folket i vinterdrifta er Bergensbanen. #Bergensbanen #Vinterdrift #BaneNOR #Hardangervidda #Jernbane