Konsert ved Moster skule Havdur og Kenneth Sivertsen 1993

I 1993 heldt Mannskoret Havdur, Bremnes og Kenneth Sivertsen frå Moster, konsert ved Moster skule. Kenneth har tonesett mange dikt av Birger Røksund og nokre av dei vart framførte av Havdur. Det var få frammøtte og, som Kenneth sa etter konserten: " Mostringane har då heller aldri kjent si besøkelsestid". Det var først seinare at ein fekk augo opplatne for kor stor Kenneth Sivertsen eigentleg var som musikar. Diverre stelte han ikkje fint med seg sjølv, og døydde så altfor tidleg.